180426-Per-Anders-Buen-Garnås-og-Thomas-Hellekås-1

Siste kveld med Byting

For fem år sidan spela Per Anders Buen Garnås (t.v.) og Thomas Hellekås fyrste konsert med Byting på Pizzafjoset. Jubileet blir markert på Kroa laurdag. Foto: Gro B. Røiland

Etter fem år i Byting takkar spelemannen Per Anders Buen Garnås for seg. Laurdag blir siste kveld med gjengen, med dobbeltkonsert, plateslepp og jubileumsfeiring på Kroa i Bø.

Det starta i kjølvatnet av ulykka der Jon Elling Buen Garnås, bror til Per Anders, omkom. Thomas Hellekås skreiv «Høvdingen» til Jon Elling, ein song som blei spela inn med Thomas på gitar og vokal og Per Anders på hardingfele. Songen blei til bandet Byting som for fem år sidan hadde sin fyrste konsert på Pizzafjoset.

Sidan det har mykje skjedd. Frå å vera eit lokalt band med lokale fans blei Byting fort eit band med nasjonal appell og tusenvis av fans over heile landet.

– Eg hadde ikkje sett for meg å stå på countryfestivalen i Seljord og spela for 5-6000  menneske. Eg trudde dette bare blei eit lokalt opplegg. Det tok fort av, og da måtte ein bare henge på, seier Per Anders, som etter fem år i band skal bruke meir tid på slåttemusikk.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no