
Glede. Det var glede blant dei tilsette då statsråd Iselin Nybø (nr. 4 f.v.) kom med meldinga om HSN har blitt godkjent som universitet. Lengs t.v. rektor Petter Aasen. Lengs t.h. styreleiar Rune Nilsen. Foto: HSN
Kongen i startsråd har sagt ja til universitet i Bø.
Fredag 4. mai vedtok Kongen i statsråd at Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN) får status som universitet.
Det var statsråd med ansvar for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, som sjølv kom til høgskulen si avdeling i Drammen og opplyste om vedtaket. Dermed er det klart for Universitetet i Søraust-Noreg (USN) i Bø.
USN blir det 10. universitetet i Noreg og Vestfold, Buskerud og Telemark blir med dette universitetsfylke. Universitetet har åtte avdelingar eller campus som HSN/USN kallar det: Bø, Drammen, Kongsberg, Notodden, Porsgrunn, Rauland, Ringerike og Vestfold.
– Eit universitet har fullt sjølvstyre og kan opprette og utvikle studietilbodet på alle nivå og fagområde. Det gir oss sjanse til å utvikle studietilbodet i tråd med det samfunnet og arbeidslivet treng, sa rektor Petter Aasen då universitetsstatusen endeleg var klar.