Brann-Osebro[5]-F-Anne-Lognvik-

– Sørgjeleg for dei det råkar

Dramatisk. Ifølgje nyheitene på NRK var det lenge dramatisk då Galleri Osebro i Porsgrunn brann torsdag kveld og natt. Det tok tid før politiet fekk kontroll. Foto: Anne Lognvik, NRK

Cafe Osebro ikkje råka av brannen i Porsgrunn

– Det er sørgjeleg for dei det råkar og for strøket, men det har ikkje gjort skade på Café Osebro.

Det seier Hans Aarak. Bøheringen er medeigar i kafeen som ligg vis a vis Galleri Osebro som brann i natt.

– Lilleelva går imellom, seier Aarak.

Han opplyser at kafeen vart stengd torsdag kveld fordi straumen vart teken. Det var også frykt for at brannen skulle spreie seg.

– Det var dramatisk fordi det bles. Folk stod klare med brannslagar, fortel Aarak.

Han opplyser at brannen ikkje skaper problem for drifta av Café Osebro.