180511-sagaplant-plantelager-20-

Ønskjer internasjonalt beredskapslager

Politisk hjelp. I Sauherad håpar ein på politisk drahjelp frå stortingskandidatane Solveig Sundbø Abrahamsen, Høgre, og Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet (t.h.). Peter van der Ende forklarar prosessen med konservering av plantar.

Litt som frølageret på Svalbard

Det blir arbeidd for å få lagt eit internasjonalt beredskapslager for plantar på Sagaplant i Sauherad. Det skal vere litt som frølageret på Svalbard, men for plantar som ein ikkje tek frø av.

Poteter kan ein ikkje så frø av, då vil ein få ein annan sort. Ein tek ei settepotet, det vil seie ein klon som er heilt lik morplanten. Det same gjeld for bringebær, jordbær, frukt og mange andre plantar.

– Av og til kan me ha bruk for ein gammal plantesort som ikkje er i bruk. Då er det fint å ha det på lager, seier dagleg leiar ved Sagaplant Asle Fremgård.

Det ein jobbar for å få til er eit internasjonalt beredskapslager for plantar som blir formeira vegetativt, det vil seie med ein plantedel og ikkje via frø.

Les meir i papiravisa eller eavisa komande torsdag.