160519-17de-mai-Bø-torg-152-

17. mai-feiring i kjent stil

Eagle Car Club stiller opp også i år med bilparade i Bøgata. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

– 17. mai tullar du ikkje med, seier Kristin Ødegård Vestgarden i 17. mai-nemnda i Bø.

Det meste av programmet for nasjonaldagen i Bø går i kjent stil, frå ruta barnetoget går mellom Bø skule og Bø kyrkje til avslutning i Gullbring med talarstemne og film for ungane. Det blir tilskipingar i krinsane og på Bø prestegard, korpskonsert på Bø torg og alle med sans for fine bilar kan gle seg til bilparaden organisert av Eagle Car Club.

Litt forandring blir det likevel i år, med lensmannen tilbake i toget og sykkelparade mellom bilparade og russetog.

Detaljerte program for nasjonaldagen i Bø og Sauherad kan du lesa i papiravisa eller e-avisa.