SKRIV OM FASTETIDA: Vikarprest i Bø kyrkje, Ivar Solbu.
SKRIV OM FASTETIDA: Vikarprest i Bø kyrkje, Ivar Solbu. FOTO: Arkivfoto

Pilegrimsvandring i Midt-Telemark

Soknediakon Ivar Solbu er ei av eldsjelene bak pilegrimsvandringa gjennom Sauherad og Bø. Foto: Gro B. Røiland

Diakon Ivar Solbu har vandringsstav og gode sko klare til pilegrimsvandringa andre pinsedag. Han er ei av eldsjelene bak vandringa som går frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje måndag.

Turen er 22 kilometer lang og vegen går gjennom blomstrande frukthagar og historisk kulturlandskap, langs elver og stiar og innom kulturhistoriske bygg og stadar. Evju bygdetun, Hørte dampfarveri, Bø museum og Bø prestegard byr på mat og kvile.

Mange reiser langt for å delta. Nøyaktige tal har han ikkje, men Solbu anslår at om lag 500 menneske var med på vandringa i fjor.

– Denne dagen er eit utstillingsvindauga for bygdene våre. Viss dei som bur i nærleiken av der folk vandrar vil heise flagget, hadde det vore nydeleg, seier Solbu.

Les meir om pilegrimsvandringa i papiravisa eller i e-avisa.