180524-Kommunepsykolog-04-b

Kommunepsykologen på plass

Kontor i Bø. Brita Rønning Iversen har formelt Sauheard som arbeidsgjevar og kontorstad på sjukeheimen i Bø, men ho skal helst vere mykje ute og gje råd i dei ulike einingane. FOTO: Bø blad, arkiv

 

Felles for Bø og Sauherad

Bø og Sauherad kommunar har gått saman om å tilsetje kommunepsykolog. Psykologen fortel at ho ikkje skal behandle enkeltpersonar, men vere med på å utvikle kommunens arbeid med psykisk helse.  

– Det blir satsa meir og meir på psykisk helse og folkehelsearbeid. Blant barn og unge er psykisk helse den største utfordringa, seier Brita Rønning Iversen som er tilsett i stillinga.

Ho legg til at samhandlingsreforma også gjer at kommunane får nye oppgåver.

– Dei to kommunane er inne i spennande utvikling med nye oppgåver og i starten på kommunesamanslåing. Det fører til interessant utviklingsarbeid, seier ho.