Ekstrem brannfare
Fylkesmannen oppmodar skogeigarar og andre eigarar av vegar i skogsområde om å låse bommar eller på annan måte redusere unødig bruk av skogsvegane.
– Oppfordringa om å stengje vegane gjeld fram til vêrsituasjonen har endra seg og skogbrannfaren er vesentleg redusert.
Det skriv fylkesberedskapssjef ved Fylkesmannens kontor, Jan Ruud, i ei pressemelding i dag, måndag.
Ruud oppfordrar også til at det blir sett opp informasjonsplakatar ved innfartsårar og sentrale turområde.
– Grunnen til denne sterke oppfordringa er den ekstreme situasjonen me har i fylket i dag med knusktørre skog- og utmarksområde og utsikt til at det held fram med tørt og varmt vêr, skriv Ruud.
Han meiner at ved å avgrense tilgangen til motorisert ferdsel innover i skogsområde vil ein redusere ferdsel og risikoåtferd i utilgjengelege og fjerntliggande område. Responstida er ofte heilt avgjerande for å unngå store katastrofar.
– Fylkesmannen ventar at alle tek ansvar og gjer sitt til for å unngå farlege situasjonar.
– Telemark har om lag 500 mil med skogsbilvegar i tillegg til eit omfattande traktorvegnett. Fylkesmannen reknar med at ein tredel av skogsbilvegane kan låsast med bom, men at desse vegane dekkjer to tredeler av skogarealet med vegdekning.