skarphedin G13 klar til kamp

Fotballcupen er godt i gang

På heimebane. Skarphedin G12 spelar i G13-klassa og er her på veg til å helse på motstandarlaget Stokke. Kampen enda 3-2 til vestfoldlaget. Foto Øystein Akselberg

Skarphedin fotball sin Sommarlandcup 2018 blei sparka i gang klokka åtte i dag tidleg. 216 lag og over 2.800 spelarar deltek. Det er kampar i heile dag heilt fram til halv sju i kveld. I morgon, sundag, er det finalar frå klokka 16. Cupen har i tillegg til Sandvoll også kampar i Telemarkshallen, Gullbringbana, Hørte og Gvarv. Eit stort apparat med mange dugnadsfolk står bak og sørgjer for at storarrangementet går sin gang.

Det var eit yrande liv på Sandvoll i føremiddag og mange av arrangørklubens lag var i sving. Bø blad fekk med seg kampen mellom Skarphedin G13 (som eigentleg er G12-lag) mot eit sterkt Stokke-lag. Vestfoldingane skåra på eit tvilsamt tildelt straffe og eit godt frispark før dei la på til 0-3. Bø-gutane kom sterkt tilbake og reduserte til 2-3. Etter kampen var dei lite nøgd med straffesparket. Men laget får nye sjansar i løpet av helga.