151012-FS-Sauheard-03-

Foreslår felles ungdomsskule

Sauherad planlegg ny ungdomsskule. Ordførar i Bø, Olav Kasland, meiner at det bør vere ein ungdomsskule i den nye kommunen dersom målet er at ungdom frå dei to tidlegare kommunane skal føle at dei bur i Midt-Telemark kommunen. Arkivfoto

– Vil skape felles identitet

På eit felles formannskapsmøte med Sauherad lufta ordførar i Bø, Olav Kasland, tanken om å byggje ein felles ungdomsskule i den nye Midt-Telemark kommune.

– Det bør vere ein felles ungdomsskule.

Det var svaret til ordførar i Bø, Olav Kasland. Spørsmålet var kva som skal til for at ungdom i den nye Midt-Telemark kommune skal føle at dei bur i same kommunen. Anledninga var felles formannskapsmøte for Bø og Sauherad kommunar.

Temaet for formannskapsmøtet var økonomiske rammevilkår for Midt-Telemark kommune. Formannskapsmedlemmane skulle få kunnskap om dei ulike tenesteområda, korleis dei er organisert i dag, prioriteringar med meir. Heile måndagen var sett av og alle kommunalsjefane presenterte sine område med planar og utfordringar. Politikarane jobba også med spørsmål i grupper og eit av spørsmåla vart altså korleis ein kan få unge til å føle meir fellesskap på tvers av dei gamle kommunegrensene.