140626-Sankthans-st-hans-Kvennøya-2014-11

Opphevar forbod mot open eld

Stiller krav. Brannsjefen stiller krav om at sankthansbål skal vere førehandsregistrerte.

– Har plikt til å vere aktsame

 

Frå i dag, måndag 18. juni har brannsjefen i Midt-Telemark oppheva forbodet mot open eld som vart innført 25. mai. Det skriv Nome kommune på si heimeside.

Brannsjefen presisere at det generelle forbodet mot å tenne bål mellom 15. april og 15. september framleis gjeld og alle har plikt til å vere aktsame.

Sankthansfeiring og bål

Brannsjefen opplyser at dersom det skal brennast bål sankthansaftan så gjeld ein del krav. Bålet skal blant anna vere førehandsregistret hjå brannvesenet. Ein edru person skal ha ansvar for brenninga og politiet skal ha telefonnummer hans. Dette må det opplysast om ved  registringa.