180628 Sauherad kommunestyre skule

Stor interesse for skulesaka

Skulesaka trakk mange tilhøyrarar, mellom andre Renate Øien (t.v.) frå FAU ved Sauherad barne- og ungdomsskole. Foto: Gro B. Røiland

Rådmannens innstilling var ny skule for 5. til 10. trinn. Eit enstemmig kommunestyre i Sauherad ville ha med heile skulen frå 1. til 10. trinn. Det blei resultatet da saka var oppe i Sauherad kommunestyre torsdag kveld.

Skuleprosjektet skal omfatte heile 1. til 10. trinn, det vil seie elevane sitt læringsmiljø og lærarane sin arbeidsstituasjon, heiter det mellom anna i vedtaket. Politikarane valde å følgje rådmannens innstilling om å senke kostnadsramma på byggeprosjektet frå 206 til 185,4 millionar kroner. Det betyr at den nye skulen får skulebibliotek, men ikkje folkebibliotek slik det opphaveleg var tenkt.

Fleirbrukshall er også tatt ut av ramma, men ikkje lagt heilt vekk. Ifølge vedtaket skal fleirbrukshallen kome i eit byggetrinn to med sikte på gjennomføring så snart som muleg. Det skal saman med idrettslag og eventuelt andre aktørar arbeidast vidare med løysingar og finansiering av fleirbrukshall.

Heine Århus (V) kom med tilleggsforslag om at byggekomiteen ser på mulegheiter for eit kreativt folkebibliotek i kombinasjon med opphaldsareal for elevane. Dette fekk bare ei stemme.

Tom Ivar Grevklev (FrP) foreslo at idrettshall skulle leggast inn saman med skule i byggetrinn ein og ikkje utsetjast. Dette fekk FrPs tre stemmer.

Renate Øien, leiar for FAU i Sauherad, fylgde møtet. Ho var glad for resultatet.

– Det er veldig bra. Nå må ein gjera det beste ein kan få ut av rammene ein har fått, sa Øien etter at vedtaket var gjort

Les meir om skolesaka og debatten i papiravisa 28. juni.