180628-PSU-FN-tettstaddebatt-b

Tettstaddebatten kom på bordet

Må ha meir tid. Olav Kasland (t.h.) meinte at forslaget til Wenche Akkerhaugen (ryggen til) om å opp-prioritere Akkerhaugen og Nordagutu vil stoppe arbeidet og bad om utsetjing av saka. Torstein Haukvik og Mette Haugholt t.v.

 

Stoppa diskusjonen

Kva status skal dei ulike tettstadane i Sauherad ha? Det vart tema i sist møte i fellesnemnda for ny kommune. Dermed måtte diskusjonen om utforminga av Midt-Telemark kommune utsetjast.

Det var ny samfunnsplan og arealstrategiar som stod på sakskartet og som fekk tidsramma til å sprekke i siste møte i fellesnemnda. Samfunnsplanen skal ha ein arealstrategi som blant anna skal definere senterstrukturen i den nye kommunen. I sakspapira frå rådmannen står det at ei klar prioritering mellom sentera er vesentleg for at kommunen skal vere føreseieleg. Det er viktig for investeringsviljen og for å få nok folk knytt til kvart sentrum slik at ein får den sentrumsutviklinga ein ønskjer.

Les meir i papiravisa eller e-avisa på nett.