180701-P-A-Buen-Garnps-Foto-Thomas-Westling-

Per Anders vann igjen

Tykte det gjekk bra. Per Anders Buen Garnås spelte Tinnemannen og Veneflamma i finalen. Han tykte sjølv det gjekk bra. Foto Thomas Westling

Siger for fjerde gong

Per Anders Buen Garnås vann  hardingfele klassa A på årets Landskappleik. – For ein gong skuld tykte eg det gjekk bra, eg har ikkje hatt den følelsen slik før.

Det seier Per Anders Buen Garnås etter at han har vunne Landskappleiken for fjerde gong. Denne gongen var det Trysil som var arena for det største treffer for folkemusikkutøvarar me har. Tidlegare har Buen Garnås vunne på Gjøvik (2003), Voss (2010), og Røros (2013). Sidan 2010 er det berre to hardingfelespelarar som har klart å ta sigeren utanom Buen Garnås og Ottar Kåsa.

Buen Garnås spelte Margit Langerud og Fjellrosa i første runden laurdag. Så vart tre spelemenn plukka ut til å spele finale. Det var i tillegg til Buen Garnås Alexander Aga Røynstrand, Hardanger Spelemannslag, og Lars-Ingar Meyer Fjeld, Spelemannslaget Vårlengt. Meyer Fjeld er elles lærar i hardingfele i kulturskulen i Bø og bur i bygda. Han kom til slutt på tredje plass.

I finalen spelte Buen Garnås Tinnemannen og Veneflamma.

Høgt nivå

Buen Garnås høyrde ikkje nokon av konkurrentane i finalen spele og kan ikkje uttale seg om det. Han høyrde Meyer Fjeld første gong og tykte det let veldig bra. Ifølgje Buen Garnås var det mange som sa at det var håplaust å skilje spelemennene, dei meinte at mange som ikkje var i finalen spelte godt nok til å vere der.

– Det har vore høgt nivå siste åra, seier Buen Garnås.

Han var også med på lagspel med Bøheringen og kom på delt tiande plass med Hardanger Spelemannslag.

– Det har aldri gått så bra før, det var veldig moro, seier Buen Garnås.

Ein fin samlingsplass

– Har du sett deg mål for kor mange kappleikar du skal vinne?

– Nei, eg har ikkje nokon mål for det. Det er ein arena for solospel og ei anledning til å skjerpe seg. Dessutan er det godt miljø, resultatet kjem i andre rekkje, seier Buen Garnås.

Han peikar på at det at ein konkurrerer vekkjer interesse blant folk. Spelemannen tykkjer også at landskappleiken er ein bra måte å samlast på.

– Men resultatet er ikkje nokon fasit, understrekar han.

Slåtteval kjem brått

Buen Garnås trur ikkje valet av slåttar som ein spelar har noko å seie for resultatet, dommarane skal vere objektive. Det som er viktig er å spele noko ein er trygg på.

Sjølv plukkar han ikkje ut slåttar lang tid i førevegen. Det er når ein skal registrere seg før ein skal spele at ein må seie kva ein har valt. Då først bestemmer Bø-spelemannen seg.

– Det kjem like brått på kvart år, seier Buen Garnås.