
Kommunepsykolog Brita Rønning Iversen (f.v.) og folkehelsekoordinator Frøydis Haukeland står i spissen for prosjektet retta mot barn og unge i Bø og Sauherad. Foto: Gro B. Røiland
Bø og Sauherad kommunar har fått 5,53 millionar kroner til å utvikle Ung Arena. Planen er å skape tilbod som kan gje barn og unge i Midt-Telemark betre livskvalitet og betre psykisk helse.
Målgruppa er barn og unge mellom 12 og 25 år i Midt-Telemark. Kva tilbodet konkret skal innehalde, skal på plass i løpet av hausten.
Pengane kjem frå Helsedirektoratet, Kommunenes Sentralforbund og Folkehelseinstituttet og deira Program for folkehelsearbeid i kommunane. Det er Telemark fylkeskommune som fordelar midlane i Telemark etter søknad.
– Me har fått pengane. Nå skal me finne ut korleis tilbodet skal vera, seier kommunepsykolog Brita Rønning Iversen og folkehelsekoordinator Frøydis Haukeland som står i spissen for prosjektet.
Les meir i papiravisa torsdag 7. juli.