Formannskap SAuherad ekstraordiært møte grensehjustering Hjuksebø Angard krets kommunesamanslåing kommunereform
Formannskap SAuherad ekstraordiært møte grensehjustering Hjuksebø Angard krets kommunesamanslåing kommunereform

Ja til grensejustering

Hjuksebø og Angard til Notodden

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sagt ja til at grensa mellom Sauherad og Notodden kommunar blir justert. Det vil seie at Angard og Hjuksebø grunnkretsar frå og med 1. januar 2020 høyrer til Notodden kommune.

Det var innbyggjarane i området som bad om det i samband med at Bø og Sauherad kommunar gjorde vedtak om å slå seg saman.

Både Bø og Sauherad har vore positive, men har frykta den økonomiske konsekvensen. I vedtaket frå statsråd Monica Mæland står det at det ikkje blir gitt økonomisk kompensasjon i slike saker. Ho viser til inndelingslova som seier at det skal gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom dei to kommunane dersom det er nødvendig.

Mæland skyrt elles av Sauherad for å ha gjort eit framtidsretta vedtak som tek innbyggjarane på alvor.