VEIT IKKJE MEIR: Pressekonferansen torsdag kom ikkje med informasjon som kan seie noko om korleis sommaren i Sommarland blir.
VEIT IKKJE MEIR: Pressekonferansen torsdag kom ikkje med informasjon som kan seie noko om korleis sommaren i Sommarland blir.

God sesong i Sommarland

Mykje folk. Badeparken i Bø har hatt eit jamnt og godt besøk i heile sommar. Opningsdagen 9. juni (bilete) stod lenge som sesongbeste med sine 5.500 besøkande.

– Eg er svært nøgd med besøket så langt. Det spesielle i år er eit jamt høgt besøk alle dagar i staden for dei heilt store toppane slik me har hatt før. I juli har me ligge på eit besøkssnitt på mellom 3.000 og 4.000 per dag, seier direktør i Skandinavias største vasspark, René Langeveld Sas.

Sesongbeste ligg på nærare 5.900 besøkande. I år har mange måndagar vore dei beste dagane.

I fjor enda besøkstalet på 143.000, og med 21 opningsdagar att tek Langeveld Sas sjansen på å love at parken skal kome i mål med eit høgare besøk i år. I fjor enda omsettinga på 44,6 millionar kroner med eit overskot på 5,1 millionar kroner før skatt. Ifølgje parksjefen bør dei liggje godt an til å toppe dette også.