NMK Bø bilcrossdamer august 2018 7956

Landets råaste bilcrossdame skal kårast på Rallebanen

Sterkt heimelag. Elleve damer frå NMK Bø er påmeldt landsfinalen i bilcross på Rallebanen laurdag. Her er sju av dei: F.v. Linda Kaasa, Linda Listul Storli, Camilla Innleggen, May Brit Haugland, Anette Haugland, Kariann Mobæk og Linda Lia. Foto: Øystein Akselberg

Norsk Motor Klubb Bø (NMK Bø) er laurdag arrangør for årets landsfinale i bilcross for damer. Dette er som eit noregsmeisterskap å rekne og her skal landets beste bilcrossdame kårast. Det skjer på Ralle Motorbane i Bø. Det er første gong landsfinalen går i Bø og det er venta over 70 deltakarar.

NMK Bø stiller med heile elleve deltakarar og dei lovar å bite frå seg. Kvar av damene skal køyre fire innleiande heat og til slutt skal vinnaren kårast gjennom fire finalerundar. Landets beste køyrarar stiller, men ein kan kanskje håpe at ein av arrangørklubben sine køyrarar når A-finalen.

Treninga fredag er open for publikum og konkurransen startar på føremiddagen laurdag. Vinnaren kårast ein gong på ettermiddagen.

Les meir om saka i dagens Bø blad.