Brann Seljordsvegen 777 170818 9651

Husbrann i Seljordsvegen

Husbrann i Bø. I morgontimane har eit hus i Bø blitt utsett for ein kraftig brann. Foto: Øystein Akselberg

I femtida i natt starta ein husbrann i eit bustadhus i Seljordsvegen, omkring ei mil vest for Bø sentrum. I følgje avisa Varden måtte huseigaren, ein mann i 30-åra, hoppe ut frå andre etasje der det brann kraftig. Det blir meldt at han måtte sjekkast av helsepersonell for moglege røykskadar.

Like etter klokka seks meldte Brannvesenet at brann var sløkt. Årsaka til brannen er det ikkje sagt noko om så langt.