180820-Okse-på-tur-

Okse på langtur

Sjølvfanga. Oksen gjekk til slutt inn i ei inngjerding av eigen fri vilje. Politi og brannvesen kunne berre late att grinda.

Måndag morgon vart det oppdaga ein telemarkokse på tur på Langkåshaugen. Han har blitt observert både beitande på plengras og medan han kosa seg med eple.

Etter at oksen tok til å følgje etter skuleelvar på veg til skulen vart politiet kontakta. Halvor Tveitan frå politiet opplyser at dei vart varsla rundt klokka halv åtte, men venta litt med å rykkje ut.

Etter det Bø blad observerte var verken oksen eller skuleelevane skremde av det uvanlege møtet.

Etter kvart gjekk oksen inn på tunet på Holmen gard ved sidan av Bø gamle prestegard og gjekk inn i ei inngjerding av eigen fri vilje. No hadde representantar for brannvesenet og politiet kome og dei kunne berre late att grinda og vente på eigaren. Det er Magnus Skogen. Han kunne fortelje at oksen gjekk på beite saman med kyr på Skogen gard ved Brenna. Korleis han hadde kome seg til Langkåshaugen visste han ikkje.

– Det er den snillaste guten, sa Skogen om oksen.

Oksen verka veldig roleg og hadde ikkje synlege skadar etter ferda. Skogen fortel at han har vore korte turar utanfor gjerdet før, men no blir han sett på eit meir utbrotsikkert beite.