Gullbring studentheim og Bø hotell 1

87 millionar til nye studentbustader i Bø

Kan bli rive. På denne tomta kan det bli bygd ny studentheim i Bø. Dagens Gullbring studentheim kan bli rive for å gje plass til ny og større studentheim. Bildet er tatt frå baksida ved Bø hotell.

Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg melder at dei har fått 87 millionar kroner frå Regjeringa til bygging av 300 nye studentbustader i Bø. Den nye studentheimen skal stå klar til studiestart hausten 2020.

Administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg, Hans Erik Stormoen, seier at dei ønskjer å byggje dei nye studentbustadane enten på sjølve campus i Bø eller like i nærleiken. Mykje kan tyde på at samskipnaden planlegg å rive dagens Gullbring studentheim som ligg like ved Bø hotell og byggje ein ny og større studentheim. Stormoen peikar på at dagens Gullbring studentheim med 78 hyblar kan bli erstatta med ein ny studentheim med til saman 300 hyblar.

Om denne tildelinga får betydning for Bø hotell sine planar om nybygg i samband med ein forskings- og kunnskapspark er for tidleg å seie.

Det var avisa Varden som først meldte om saka på sine nettsider i dag.