Grivitunet illustrasjon mot sør Arknet AS

Storsatsing i Stasjonsvegen

Signalbygg. Næringshagen i Stasjonsvegen 33 er teikna som ein tradisjonell låve, men med moderne stil og materialar. Illustrasjon: Arkitektkontoret ARKNET AS.

Sommaren 2020 skal eit nytt sentrumsbygg til 80 millionar kroner stå ferdig i Stasjonsvegen.

Grivi Invest AS, med bøheringen Kjell Aage Verpe som lokal aktør, planlegg no eit stort signalbygg i Stasjonsvegen 33. Det får namnet Grivitunet og skal romme 18 leilegheiter og kontorlokale med 50 kontorplassar. Storsatsinga til 80 millionar kroner skal om alt går etter planen stå ferdig sommaren 2020.

Bak prosjektet står Norgesgruppen og Invest Telemark Vestfold AS (Kjell Aage Verpe) med like andelar kvar. Bygget får parkeringskjellar, kontorlokale i første og andre høgda, samt leilegheiter i tredje og fjerde etasje. Det vert også gjort plass til kafé på gateplan, samt felles resepsjon, kantine, auditorium og treningsrom.

Arkitekten har teikna eit bygg med utgangspunkt i ein låvetradisjon, men med bruk moderne materialar i tre og mykje glas.