180830-FN-Midt-Telemark-Brann-og-Redning-119-b

Brannvesenet fekk applaus

Pyroman. Roar Sukkestad (t.v.), Kai Lindgren og resten av MTBR har hatt ein pyroman i området.

1,434 millionar kroner i ekstrautgifter

Kai Lindgren og Roar Smukkestad frå Midt-Telemark Brann og Redningsteneste (MTBR) fekk applaus og gode ord for innsatsen under dei mange skogbrannane då dei møtte i fellesnemnda sist fredag.

Dei to gav ei oppsummering av skogbrannsommaren. Det vart meldt om over 30 brannar i Midt-Telemark. Ekstrakostnad­ane ligg ifølgje MTBR an til å bli på 1,434 millionar kroner. Ein pyroman som var i området Sauherad-Notodden i vår har i tillegg kosta MTBR 100.000 kroner.