Vêrstasjon Lifjell. September 2013. Meteorologisk institutt.
Vêrstasjon Lifjell. September 2013. Meteorologisk institutt.

Vil vurdere vindmøller på Lifjell

Vêrstasjon Lifjell. På Lifjell like sør for Øysteinnatten har Meteorologisk institutt ein vêrstasjon. Den dokumenterer at det bles godt på Lifjell. Foto: Øystein Akselberg

Kan du sjå for deg 150-220 meter høge vindmøller på Lifjell? NVE har med både Lifjell og Sauheradfjella i sin første runde på å kratlegge kvar ein kan produsere vindkraft med vindmøller på landsida i Noreg.

Olje- og energidepartementet (OED) har gjeve Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å lage eit forslag til Nasjonal ramme for vindkraft på land. Fristen for levering av heile forslaget til nasjonal ramme er 1. april 2019. NVE har nå plukka ut 43 område som skal bli analysert slik at ein kan identifisere dei mest eigna områda for vindkraft i Noreg. NVE meiner at talet på område som til slutt blir vurdert som dei mest eigna vil bli vesentleg lågare enn 43. Ein trur at 15-20 område kan vere aktuelle til slutt.

Lifjell er i tidleg fase vurdert til å vere i ein av dei fire rimlegaste prisklassane i høve pris på produsert kraft. Ei moderne vindmølle er i storleiken 150 til 220 meter høg og kostar nær 30 millionar kroner å byggje.

Les meir om saka i dagens avis.