Mattilsynet har bestemt at det nye felleskontoret for Øvre Telemark skal liggje i Seljord.
Frå 1. januar 2021 blir Mattilsynet sine kontor i Bø og Seljord samlokalisert i Seljord. I dag jobbar ni tilsette ved kontoret i Bø og seks i Seljord.
Namnet på nytt kontor blir kontorstad Øvre Telemark. Det er Jan Egil Aronsen, avdelingssjef for avdeling Telemark, som stadfestar dette overfor Bø blad.
– Det har vore ein lang prosess, både lokalt og etter kvart nasjonalt for å vurdere kontorstrukturen i heile landet. Noko av bakgrunnen for at valet fall på Seljord er at avstanden til eit fleirtal av tilsynsobjekta er kortare frå Seljord. I tillegg har kontoret i Seljord fleire inspektør-stillingar enn i Bø. Andre viktige kriterium var blant anna økonomi, reisekostnadar og avstand mellom øvrige kontorstadar, seier Aronsen.
Han peikar også på at saka har ei økonomisk side da Mattilsynet, som i likheit med resten av offentleg sektor, har fått strammare budsjett dei siste åra. I tildelingsbrevet for 2018 fekk Mattilsynet eit ekstraordinært kutt på 25 millionar, som skulle takast på administrative felt, blant anna ved endring av kontorstrukturen.
Han rosar dei tilsette både i Bø og Seljord for profesjonell og ryddig deltaking i prosessen, og seier at ein no ser fram til eit større fag- og arbeidsmiljø i eit større felleskontor.
– Eg trur Bø-kontoret har vore førebudd på at valet fall på Seljord, seier han.
Bø har elles vore regionkontor for Vestfold, Telemark og Buskerud i perioden 2004-2015.