
Ei intensjonsavtale om næringsutviklingssamarbeid er underteikna av Universitetet i Søraust-Noreg og Midt-Telemark Næringsutvikling. Arkivfoto
Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Midt-Telemark næringsutvikling (MTNU) har inngått samarbeidsavtale om næringsutvikling. Det kan vere godt nytt for ein framtidig forskingspark.
Tidlegare i år vart det kjent at Studentsamskipnaden trekte seg, og at det dermed ikkje vart bygd kunnskapspark i kombinasjon med nytt hybelbygg. No blir det jobba med å få til ein rein forskingspark i Gullbring.
I mellomtida har USN laga samarbeidsavtaler med tre næringsaktørar og MTNU. Dei tre næringsaktørene er Sagaplant, Standard Bio AS og Telefrukt AS.
Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett for abonnentar.