
Midt-Telemark Elektro er med verknad frå idag eigar av både Elektriker’n AS og Bestelandbygget i Bøgata. Fusjonen medførar at MITEK vidareførar Jon Falkevik sitt epoke i elektrobransjen i Bø.
Jon Falkevik (66) starta opp Elektriker’n AS i Bø 6. juni 1986. På dagen 32 og eitt halv år etter skreiv han under på ein salskontrakt som betyr oppkjøp av selskapet. Nå er det Midt-Telemark Elektro (MITEK) som skal vidareføre bedrifta hans.
– Selskapet blir overteke av seriøse folk som har beina på jorda, seier Falkevik.
Bak MITEK står trioen Are Berthelsen Gruszewski, som dagleg leiar, Marius Bakaas, som styreleiar og fagleg ansvarleg og Tarjei Gåsdalen. Alle tre er utegåande montørar. Verksemda starta opp i mai 2017 og er såleis ei ung bedrift med unge drivarar. I tillegg til dei tre eigarane har MITEK tre tilsette, og frå 1. januar får dei enda to tilsette når brørne Ola og Bjørn Engebretsen, som har vore faste hjå Elektriker’n, kjem med på laget. MITEK har i år ei omsetting på rundt ni millionar kroner.
Sjølv om MITEK er eit ungt firma har verksemda fleire større jobbar å vise til. Den første og store jobben fekk dei ved installering av AMS-straummålarar i husstandar i heile Midt-Telemark. I oktober flytta verksemda frå heimekontor på Bakås til leigekontor hjå Multilux på Grivimoen.