190117-Lions-sandsekk-03-b

Deler ut sandsekkar

På lager. Liv Aasmundsen fortel at Lions har sekkar på lager.

– Lions har sandsekkar til dei som treng og me køyrer ut, det er berre å ta kontakt.

Det seier Liv Aasmundsen i Lions Bø.
– Tilbodet er til dei som har vanskar med å skaffe seg sand sjølv, forklarar Aasmundsen.


Ho peikar på at no er det glatt, eller «fubellføre» som laget også kallar det, og det trengst sand så ein slepp å dette på isen.
– Me deler ut gratis og køyrer ut sekkane til dei som treng det, legg ho til.
Gruppa som organisasjonen tenkjer på når den fyller dei 20 kilo tunge sekkane er pensjonistar og uføre.


Aasmundsen fortel at Lions har jobba på dugnad med å fylle sekkane. Det arbeidet gjorde laget i fjor, då fylte medlemmane 400 sekker, det er enno sand att.
Det er Hellestad sandtak som har sponsa Lions med strøsand.