
Eplemost og fruktvin frå Sauherad er blant det beste i landet. Det blei nok ein gong stadfesta under kåringa av Noregs beste eplemost, eplesider og fruktvin denne veka.
I klassa Årets blandingsmost gjekk mosten Augon frå Nyhuus Gard på Gvarv heilt til topps. Nyhuus Gard slo dermed seg sjølv, for på andreplass kom Vår egen eplemost, laga av Nyhuus til Thon hotell Lofoten. Dermed blei det to pallplasseringar på eplemostprodusenten.
– Konkurransen er kjempetøff, så me er audmjuke og ser dette som ei veldig oppmuntring, seier Halvor Holtskog frå Nyhuus Gard.
I kategorien Årets fruktvin utmerka Lerkekåsa Vingård seg, også med to pallplasseringar. Vinen Mormors hage med bringebær kom på andre plass, mens Gull Eple, også frå Lerkekåsa, tok tredjeplass.
Det var i år rekorddeltaking med 40 produsentar og 130 ulike produkt. Elleve fylke var representert. Frå Telemark deltok sju produsentar.
Konkurransen blei fyrste gong arrangert på Norsk Eplefest på Gvarv i 2009.
– Etter ti år ser me at dyktige og kvalitetsbevisste produsentar landet rundt er opptatt av konkurransen, og dommarane er høgt kompetente fagfolk innan mat og drikke. Me kan markere ti-årsjubileet i trygg forvissing om fortsatt vekst i vidareforedling og utvikling hos fruktprodusentane i heile Noreg, seier Eivind Lønheim, styreleiar i Norsk Eplefest.