
Eldrid Lunden, Bø, er nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid».
Den andre norske forfattaren som er nominert er Jan Grue for sjølvbiografien «Jeg lever et liv som deres. En levnetsbeskrivelse». Det skriv NRK på nett.
Nordisk råds litteraturpris går til ein av tretten nordiske forfattarar.
Lunden var i mange år leiar av forfattarstudiet ved det som no heiter Universitetet i Søraust-Noreg. Ifølgje Forfattarkatalogen på nett har Lunden gitt ut 15 bøker, både diktsamlingar og essay.
Den første norske forfattaren som vann prisen var Tarjei Vesaas. Den siste var Jon Fosse i 2015. Kim Leine frå Seljord vann prisen i 2013.