
– Det er sterke reaksjonar på forslaget om å selje kommunehuset på Akkerhaugen. Det var ikkje dette me gjekk til val på.
Det seier Wenche Akkerhaugen, kommunestyrerepresentant frå Høgre, i Sauherad.
Det er debatten rundt kvar ein skal lokalisere tenester i nye Midt-Telemark kommune ho viser til.
Som Bø blad skreiv i førre veke har fellesnemnda og partssamansett utval diskutert dette i to møter utan å kome fram til nokon konklusjon. Frå administrasjonen si side er det skissert to alternativ.
Les meir i papiravisa eller i eavisa på nett.