Ein mann er dømt til fengsel i to år og seks månader for blant anna å ha tent på restauranten Den Gode Nabo. Han må også betale over fem millionar kroner i erstatning.
Mannen er i tillegg dømt for truslar og fleire tilfelle av vald. Forsvararen, advokat Catharina Cecilie Gjesti, opplyser at ho ikkje har snakka med mannen og det er ikkje diskutert om dommen skal ankast eller ikkje.
Me kjem tilbake til saka i avisa torsdag.