
Foto: Øystein Akselberg
Bø formannskap behandlar nå ei drøftingssak om framtidas Gullbring kulturanlegg. Til stades er rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), Petter Aasen, direktør ved Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SNN), Hans Erik Stormoen, samt representantar frå leiinga og styret i Gullbring kulturanlegg. Det er også representantar frå Bø kommunale eigedomsselskap til stades.
Møtet blei lukka litt etter klokka ni. På planen stod «drøfting av korleis ein kan skape ei forutsigbar og berekraftig løysing for Gullbring». Spørsmålet er kva rolle Universitetet, Samskipnaden og Bø kommunale eigedomsselskap skal ha. Aasen sa innleiingsvis at det er både interessant og viktig for ei god utvikling av Universitetet og campus at samarbeidet med spesielt Gullbring blir vidareutvikla, både fagleg og sosialt. Det store spørsmålet framover nå er korleis USN vil bruke SNN som verktøy i samarbeidet med og utvikling av Gullbring.