
Videosamlinga etter Gunhild Kinck er snart ferdig digitalisert. På Bø museum har mange frivillige jobba dugnad i eit år for å digitalisere og registrere filmane med namn og hendingar.
Arbeidet Gunhild gjorde med å dokumentere samtida og nær historie med kamera og intervju har motivert dei frivillige til å ta opp arven.
– Det er veldig dumt viss det Gunhild gjorde med dokumentering av historia stoppar opp, seier Tore Bjørn Pettersen, som leiar digitaliseringsarbeidet. Han meiner dagens smarttelefonar kan brukast til nye filmintervju.
Jan Helge Roe er ein av dei frivillige som har lyst til å bidra.
– Det sit mange på sjukeheimen med mykje historisk kunnskap. Det er viktig at arven etter Gunhild blir tatt vare på. Det er fantastisk alt ho gjorde med å dokumentere, seier Roe.
Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.