190328 Bø blad opplag

Opplagsauke for Bø blad

Bø blad auka i 2018 opplaget med 62.

Bø blad har ein netto opplagsauke på 62 papiraviser. Det viser opplagstala for andre halvår 2018, som blei offentleggjort torsdag 28. mars. Samla opplag for Bø blad er dermed 2560.

Landslaget for lokalaviser (LLA), som representerer over 100 av lokalavisene i Noreg og blant dei Bø blad, uttalar i ei pressemelding at opplagstala for andre halvår viser ein auke for fådagarsavisene. Dei har samanlagt eit netto opplag på 339.000. Sandnesposten er opplagsvinneren av LLA sine medlemsaviser.