Norske journalistar jobbar for at du skal vite kva som skjer, forstå kvifor det skjer og vere førebudd på kva som skjer vidare.
Ingen medium braut vallova i år. FOTO: LLA

Lokalavisene skal fram

Dei fleste vil framleis få lokalavisa i postkassa sjølv om det ikkje lenger blir postombering kvar vekedag. Foto: LLA

Frå neste sommar skal Posten bare gå med post to til tre dagar i veka. Samtidig skal staten kjøpe distribusjonstenester av andre leverandørar, slik at folk skal få avisene sine minst tre dager i veka.

Dermed har Landslaget for lokalaviser (LLA) fått gjennomslag i regjeringa for at lokalavisene er viktige for innbyggjarane og lokalt demokrati.

– Når Posten dessverre skal gå sjeldnare med post, synest me at regjeringas kompensasjonsordning er bra for innbyggjarane og lokalavisene. At folk i heile Noreg, uavhengig av kor grisgrendt dei bur, skal få avisa tre dagar i veka, er bra for alle. Dei fleste av våre medlemsaviser vil kunne tilpasse seg den nye kvardagen. Samtidig er det viktig å understreke at det er aviser som får betydelege utfordringar, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Det er frå 1. juli 2020 at Posten bare skal gå med post i gjennomsnitt 2,5 dagar i veka; måndagar, onsdagar og fredagar den eine veka og tysdagar og torsdagar den andre veka. Frå samme tid skal staten kjøpe avisombering av distribusjonsselskap tre dager i veka; tysdagar, torsdagar og laurdager. Dette kjem i tillegg til avisdistribusjon som avisene sine eigne selskap alt gjer i dag.

For knappe to veker sidan la kulturminister Trine Skei Grande fram ei ny mediestøttemelding der regjeringa la klare føringar for at lokalavisene må prioriterast. Når samferdsleminister Jon Georg Dale i dag har lagt fram forslag til endringar i postlova, er LLA glade for at det er samanheng mellom mediepolitikken og posttilbodet.

– At folk også i distrikta fortsatt skal få lokalavisa si på papir, er viktig både for innbyggjarane, avisene og lokaldemokratiet. Avisene er framleis avhengig av papiravisa for å finansiere journalistikken. Me i LLA meiner det er for tidlig i digitaliseringsprosessen å redusere Postens omdelingsfrekvens. Det handlar om lik infrastruktur uavhengig av kor i landet du bur, seier Rune Hetland i LLA.