«Hent meg»-bussen går same ruta

Betre tilbod: – Det er meininga at den nye busstilbodet skal vere betre enn Bøbussen var, seier ordførar Borgar Kaasa.

Hent Meg-bussen skal erstatte Bøbussen og vil hente folk langs ruta til Bøbussen. Den skal ikkje gå på faste tidspunkt, men kome når folk tingar den via mobiltelefonen eller pc.

– Dette er meint til å vere eit betre tilbod enn  Bøbussen, seier ordførar Borgar Kaasa, Senterpartiet.

Han peikar på at ordninga er brukarstyrt.

– Målet er å få til ei auke i bruken av offentleg transport, seier Kaasa.

Han seier at skulebussane vil gå som før.

Les meir i papiravisa eller e-avisa på nett.