Vil ha sameige i Gullbring kulturanlegg
Administrasjonen i Bø kommune la før helga fram si tilråding i saka om framtidig drift og organisering av Gullbring kulturanlegg. Det blir bede om at rådmannen får mandat om å forhandle med Universitet og Studentsamskipnad om samarbeid om felles eige og drift av Gullbring. Endeleg avtale skal leggjast fram for kommunestyret i Bø for godkjenning. Rådmannen har dermed falle ned på ein modell som betyr eit sameige med USN og SSN.
Det blir presisert at endeleg vedtak ikkje blir gjort før ein har forhandla fram vedtekter og aksjonæravtale. Saka kjem opp i Bø formannskap komande måndag.