Dei får Bø til å blomstre

Thorvald Amundsen, Bjørg Momrak og Ingrid Askildt har planta 256 blomar i rundkjøringa. Foto: Gro B. Røiland

Den frivillige blomsterpatruljen som kvar sommar får Bø til å blomstre har vore i aksjon igjen. Tysdag var sju frivillige i sving med planting både i rundkjøringa i gata, ved Bøsenteret og utanfor kommunehuset.

Det er Sentrumsringen som betalar for blomstrane. I rundkjøringa og ved Bøsenteret er det frivillige som står for stell gjennom sommaren. Kommunen steller blomstrane ved Bø torg.

– I år blir det ekstra lang sesong, for me må halde det fint til slutten av september når kongen kjem på besøk, seier Thorvald Amundsen.

Han påpeikar at det trengst fleire frivillige til å stelle blomsterprakten i Bø og ber folk som har lyst til å bidra om å ta kontakt.