– Tilsette reagerer på pengebruken

Orientering: Fellesnemnda og partssamansett utval fekk orientering om budsjettoverskridingane for kommunehuset i Bø. Tillitsvald Liv Omnes, bak t.h. reagerte. Per Simon Slettebø t-h- stilte også spørsmål ved sprekken.


– Dei tilsette reagerer på pengebruken på kommunehuset i Bø. Det seier tillitsvald i partssamansett utval, Liv Omnes frå Fagforbundet

Sist fredag var det møte i partssamansett utval og fellesnemnda for Midt-Telemark kommune. Då vart det orientert om sprekken i budsjett for opprusting av kommunehuset i Bø. Formannskapet og kommunestyret i Bø har tidlegare denne månaden løyvd inntil 2,3 millionar kroner ekstra til oppussing av Bø kommunehus. Ifølgje sakspapira treng ein meir pengar enn dei 30 millionane som er løyvd tidlegare for å kome i mål.

Les meir i papiravisa eller i eavisa på nett.