2019-06 Formannskap

Ja til alkoholservering på to kjøpesenter i Bø

Formannskapet i Bø seier ja til alkoholservering på begge kjøpesentra i Bø.
Foto: Øystein Akselberg

Skjenkeløyve på to kjøpesenter

Bø formannskap vedtok måndag formiddag å gje skjenkeløyve til restauranten China House som skal flytte inn på Bøsenteret, samt eit nytt skjenkeløyve for ein ny restaurant på Sønstebøtunet. Dette blei vedtatt med fem mot to stemmer i begge saker. Venstres Kristin Ødegaard Vestgarden og KrFs Kristin Digranes Bøen stemte imot i begge saker.

Det blei diskutert å skjerme skjenkeområda mot fellesareal og eventuelt ha tidsavgrensa skjenking, men det blei ikkje vedtatt i formannskapet. Saka går vidare til kommunestyret for endeleg avgjersle.

Både rådmann og lensmann har gjeve råd om å avslå skjenkeløyve på dei to kjøpesentra, og viser til alkoholpolitiske retningsliner for Bø og Sauherad. Der står det mellom anna at «Kommunane skal vere restriktive med å gje skjenkeløyve og salsløyve til verksemder der det samstundes går føre seg aktivitetar for barn og ungdom», og «Kommunane skal være restriktive med å gje skjenkløyve til verksemder lokalisert i kjøpesenter».