SMAL, MEN VIKTIG: Vegen er viktig som pendlarveg frå Midt-Telemark i retning Grenland, og er stadig under utbetring.
SMAL, MEN VIKTIG: Vegen er viktig som pendlarveg frå Midt-Telemark i retning Grenland, og er stadig under utbetring. FOTO: Statens vegvesen

Stengjer Valebøvegen i fem veker


Statens vegvesen melder at fylkesveg 44 Valebøvegen blir stengd i fem veker frå måndag 24. juni.

Grunnen til stenginga er omfattande sikring av fjellet.

Stenginga blir mellom dei to jernbaneundergangane ved Valebø stasjon, skriv Vegvesenet i ei pressemelding. Det blir peika på at her er vegen svært smal samtidig som at fjellet er tett inn til vegen. Det dett ned stein kvart år og siste året har det falle ned meir enn før.

Det blir brukt personløftarar som treng heile vegen til arbeidet. Vegesenet skriv at det derfor ikkje er praktisk muleg å sleppe trafikken forbi i puljar. Ein har venta med stenginga til skuleferien fordi dette er den minst trafikkerte tida på vegen.

Det er arbeidslaget som i det siste har gjort omfattande sikringsarbeid på fylkesveg 360 langs Bråfjorden som skal gjere jobben.