Den 29. Sommarlandfestivalen for korps og kor blei marsjert og blåst i gang med offisiell opning på Bø torg i kveld. 38 ulike korps og kor er med, noko som betyr cirka 1300 deltakarar. I morgo, laurdag, kan publikum møte musikantane i Sommarland, Sønstebøtunet, Bø kyrkje. Laurdag kveld er det arrangement i Gullbring-amfi.