Nye byggjeplanar i sentrum

Utbygging av Bøgata 70. Planskisse som viser korleis huseigar tenkjer seg ny og utvida restaurant med uteservering og leilegheiter i toppetasjen. Illustrasjon: HH Prosjektassistanse AS.

Ei utbygging av kvartalet Bøgata 70, Hellandvegen 15 og Folkestadvegen 2, er på teiknebordet. Planane er i regi av Brekke eiendom AS og Bøgata 70 AS med Dag Olav Brekke som eigar. Prosjektet har ein kostnad på over 40 millionar kroner og omfattar utbygging av restaurant, uteservering og leilegheiter i Skobba-bygget, samt utviding av Kiwi-butikken med parkeringskjellar.

Tidlegare drivarar av restauranten Den Gode Nabo har bestemt at det ikkje blir dei som blir drivarar av ein framtidig ny restaurant.

Les meir om saka i dagens Bø blad.