Inga avgjerd om Oterholtfossen

Mange møtte opp. Det var mange som møtte opp og protesterte mot utbygginga av Oterholtfossen då det var synfaring frå Olje- og energidepartementet i fjor.

Arkivfoto: Bø blad

– Utbygginga av Oterholtfossen er ei politisk avgjerd. Den blir ikkje teken før sommaren. Det blir i 2019.

Det seier underdirektør i Olje- og energidepartementet (OED), Katrin Lervik.

Det er i desse dagar eitt år sidan ho og saksbehandlar i OED, Gro Caroline Sjølie, var i  Bø på synfaring etter at departementet fekk saka frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Direktoratet frårådde søknaden om utbygging frå Midt-Telemark Energi (MTE).Det er OED som tek endeleg avgjerd.

Les meir i pairavisa eller i e-avisa.