Nytt talent med gevær og ski

Satsar på skiskyting. Hanna Louise Apelgren i Sparebanken 1 Telemark hadde gelda over å dele ut ein sjekk på 15.000 kroner til skiskyttartalentet i Bø skiskyttarlag, Kasper Dagsland Gulbrandsen. Foto: Øystein Akselberg

Kasper Dagsland Gulbrandsen (18) er kåra til vinnar av sommar-utgåva av Sparebanken 1 Telemark og Bø blad sin talentkonkurranse, Unge Talent. Tysdag kunne Kasper møte opp i lokala til Sparebank 1 Telemark og få overlevert diplom og ein sjekk på 15.000 kroner.

– Det er svært overraskande og svært gledeleg. Pengane skal kome godt med, seier Kasper og takkar for pris-premien.

Kasper har drive med skiskyting sidan han var ni år og går for Bø skiskyttarlag. Til hausten tek han til på tredje året på toppidrett skiskyting ved Sirdal vidaregåande skule. Han satsar hardt på skiskyting og ønskjer å sjå kor langt han kan drive idretten sin. Han kan så langt vise til bronse i NM-stafett med laget sitt Telemark/Vestfold. Her gjekk han sisteetappe og prikka inn ti blink. Han set høge mål og siktar mot medaljar i komane Noregscup og NM. På sikt er det landslagplass som lokkar.

Les meir om skiskyttartalentet i Bø i dagens avis.