Universiteteti Bø (USN), Bø kommune og Gullbring kulturanlegg arrangerer for første gong einminglekveld for lag og foreiningar i Bø og studentar ved universitetet. Minglekveldenkjem i stand etter ønskje frå USN og har som mål å kople studentar mot lokalefrivillige lag og foreiningar. Arrangementet skjer onsdag 14. august og er eindel av fadderveka for studentane.