Tur til Grånåfjell

Grånåfjell. Foto: Augon Eika


Bø turlag startar haustsesongen med dagstur til Grånåfjell i Uvdalsheia sundag 18. august. Grånåfjellvarden (651 moh) er eit spesielt punkt der fire kommunar møtast Bø, Seljord, Kviteseid og Nome.

Turlaget seier det kan køyrast inn bomvegen frå Uvdal med parkering framom Grånåstul. Her går turen til fots på ein nesten gjengrodd sti vestover mot varden. Turen blir rekna som ein middels krevjande dagstur. Turleiar og kjentmann er Augon Eika.