Tog, fjernvarme og gullbringdam

Færre bøheringar

Befolkningsendringar. Mange har meldt flytting frå Bø i 2019. Her passerer eit tog forbi Bø fjernvarme og dammen ved Gullbring.

Tysdag morgon var dei nye folketala offentleggjorde på Statistisk sentralbyrå sine nettsider. Det viser seg at Bø kommune har ein minke i folketalet for andre kvartal på rad. Så langt i år har folketalet i Bø blitt redusert frå 6.630 innbyggjarar til 6.504 innbyggjarar. Dette er 126 færre enn ved årsskiftet. Det er talet på utflyttingar som gjer utslaget. Det er registrert heile 283 utflyttingar så langt i år, mot 157 innflyttingar. Nettoresultatet i andre kvartal er på minus 105 for Bø.

Etter dei siste tellingane er Nome igjen større enn Bø. Nome har auka med 20 innbyggjarar sidan nyttår og kan vise til 6.558 innbyggjarar. Sauherad har auka med åtte sjeler sidan nyttår og har eit bokført innbyggjartal på 4.301.

– Dette er ein tendens me har sett i mange år, med nedgang 1. og 2. kvartal. Samtidig har Bø hatt veldig høge tall 3. kvartal. Det blir spennande å sjå resultatet etter 3. kvartal, seier rådmann Åse Egeland i ein kommentar.