Open gard på bygdetunet

Evju bygdetun, bondelaga i Bø og Sauherad og Sauherad bygdekvinnelag samarbeider om Open gard. Biletet er tatt i samband med fjorårets arrangement. Foto: Gro B. Røiland.

Gardsopplevingar og aktivitetar for heile familien er noko ein kan oppleva på Evju bygdetun fyrstkomande sundag. Da inviterer museet til Open gard i samarbeid med bondelaga i Bø og Sauherad og Sauherad bygdekvinnelag.

Denne dagen på Evju kan ein møte dyra på garden og delta på spikking, snikring av fuglekasser, toving, veving, ponnyriding og natursti. Tradisjonen tru kan ein kjøpe ureist mat laga av grønnsaker og urter dyrka på garden. Brød bakt i steinomn og lappar med syltetøy frå Fruktbygda høyrer også med, ifølgje museumsbestyrar Jorid Vale.